Turisme og reiseliv
i heile Sveio
Sveio Arbeiderparti ser at naturopplevingar, ulike kulturuttrykk og eit mangfald av idrettstilbod, kan vere med på å styrke Sveio som ein attraktiv møtestad for turisme og reiseliv.
Sveio Arbeiderparti vil marknadsføre kommunen vår som ei turistperle og Vestlandet i miniatyr. Me vil profilere fjelltoppane i kommunen, ulike turstiar, «Fjon – idyll» innerst i Ålfjorden og kystlandskap generelt med lyngheier, skog, utemark, høge nutar og fjell.
Me har ei stor og lang kystline både vest, nord og aust i kommunen som er ideell for fiske og fangst. Desse områda skal me profilere i kommunal og regional regi som flotte rekreasjonsområde. Sveio Arbeiderparti ynskjer å lage hefte over turområda i kommunen og utarbeide turforslag.
Sveio arbeiderparti vil:
- Profilere natur, turisme og reiseliv gjennom sosiale mediar og heimesida til kommunen
- Samarbeide med frivillige lag og organisasjonar om å etablere fleire turstiar, badeplassar og nærmiljøanlegg.
- Vidareutvikle Vigdarvatnet som badeplass og turområde.
- Vidareutvikle Ryvarden.
- Legge til rette for og støtte lokale initiativ innan turisme og reiseliv.