Trafikksikring og samferdsel
Betre vegar og kollektiv-tilbod
Sveio Arbeiderparti vil fortsetja å halda fokus på trafikksikring i kommunen. Me ser at utbetring av rødkrysset, sykkel- og gangveg ved Vikse skule og gatebelysning ved Auklandshamn er døme på prosjekter som gir positive ringverknader i nærmiljøet.
Sveio arbeiderparti vil fortsetta å jobbe aktivt opp mot fylkeskommunen og Skyss for å betra kollektivtilbodet i kommunen.
Me skal vera ein pådrivar for at ny veg frå Fagerheim til Ekrene blir gjennomført gjennom bypakken.
Rogfast vil gi store positive ringverknadar for vår region. Sveio Arbeiderparti meiner det er svært viktig at Hordfast blir realisert, i tilllegg til vegen i mellom: Bokn – Bømlafjorden. Reisetida vil kortast ned i så stor grad at vår bu- og arbeidsmarknad blir utvida. Det gir store moglegheiter for vekst i folketal og næring.
Sveio arbeiderparti vil legge til rette for at fleire kan kome seg til fritidsaktivitetar i vår kommune og nabokommunar. Me vil derfor sjå på eit mogleg pilot-prosjekt i samarbeid med Vestland fylkeskommunen som gjeld eit betre kollektiv tilbod.
Sveio arbeiderparti vil:
- Fortsette å sette av årlege midlar til trafikksikring.
- Vere aktiv pådrivar opp mot fylkeskommunen for å utbetre fylkesvegnettet.
- Ferdigtille reguleringsplan for Fv 541 Tjernagelvegen så snart som mogeleg, og sikre midlar frå fylke.
- Fortsette arbeidet med ny Rophusveg
- Sikre trygge skulevegar
- Jobbe for lys, sykkel- og gangsti langs vegane i kommunen.
- arbeide for at bompengar vert halde på eit moderat nivå
- Arbeida for betre vegstandard med gul midtlinje på F47, til dømes mellom Tveitvegen og Vigdarheimsvegen slik at ein får.
- Arbeide for ein trygg overgang på Bjelland (Lid – Sveio sentrum).
- Arbeide for bygging av Hordfast, planarbeid med ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden og E134 i denne NTP-perioden.
- Jobbe for gode prosessar i arbeidet med ny E39, god medverknad, og at omsynet til dei som bur og lever langs vegen veger tungt.
- Arbeide aktivt for å betre kollektiv-tilbodet i Sveio, mtp hyppighet og pris, i tett samarbeid med Ungdomsrådet.
- Vere ein aktiv pådrivar for tettare samarbeid mellom Skyss og Kolumbus for å betre kollektivtilbodet i Sveio, til dømes ved at områda er eit felles kontraktsområde.
- Utarbeide ei søknad om eit pilot-prosjekt i Sveio for eit betre kollektiv-tilbod i kommune.