Turisme og reiseliv

i Sveio

Sveio Arbeiderparti ser at naturopplevingar, ulike kulturuttrykk og eit mangfald av idrettstilbod, kan vere med på å styrke Sveio som ein attraktiv møtestad for turisme og reiseliv.

Sveio Arbeiderparti vil marknadsføre kommunen vår som ei turistperle og Vestlandet i miniatyr. Me vil profilere fjelltoppane i kommunen, ulike turstiar, «Fjon – idyll» innerst i Ålfjorden og kystlandskap generelt med lyngheier, skog, utemark, høge nutar og fjell.

Me har ei stor og lang kystline både vest, nord og aust i kommunen som er ideell for fiske og fangst. Desse områda skal me profilere i kommunal og regional regi som flotte rekreasjonsområde. Sveio Arbeiderparti ynskjer å lage hefte over turområda i kommunen og utarbeide turforslag.

Sveio arbeiderparti vil:

  • Profilere natur, turisme og reiseliv gjennom sosiale mediar og heimesida til kommunen
  • Samarbeide med frivillige lag og organisasjonar om å etablere fleire turstiar, badeplassar og nærmiljøanlegg.
  • Vidareutvikle Vigdarvatnet som badeplass og turområde.
  • Vidareutvikle Ryvarden.
  • Legge til rette for og støtte lokale initiativ innan turisme og reiseliv.