Regional utvikling og samarbeid

«Sveio midt i leio»

Sveio ligg strategisk til midt mellom to sterke regionar – Sunnhordland og Haugalandet, og me er ein naturleg del av begge regionane. Me meiner regionane mellom Bokn og Bjørnen må fortsette å jobbe tett saman for vidare utvikling. Sunnhordland og Haugalandet har mange felles trekk, og saman er me mykje sterkare til bygge Vestlandet.

Sveio kommune har i denne perioden vore ein sterk brubyggar mellom regionane, som blant anna har resultert i ei felles havvindssatsing. Sveio arbeiderparti vil forsette det gode samarbeidet me har med nabokommunar, og regionar, både nord og sør. Eit sterkt og godt regionalt samarbeid gjer at me lettare får nye næringsetableringar som gir arbeidsplassar, og dermed tilflytting. Samtidig må me arbeide for å utvikle kommunen vidare. Slik legg me saman til rette for vekst. Både folketalsvekst og næringsvekst.

Sveio arbeiderparti vil:

  • vere ein pådrivar for samhandling i Sunnhordland og Haugalandet m.a. gjennom Sunnhordlandsrådet og Haugaland vekst.
  • Vere aktiv part i våre interkommunale samarbeid , og selskap Sveio er medeigar i.
  • vera ein pådrivar for tettare samarbeid mellom Sunnhordland og Haugalandet og mellom Rogaland og Vestland fylke. På sikt er målet ei samanslåing av fylka til ein sterk vestlandsregion.
  • Vurdere eigarskap i regionale næringsparkar og vere aktivt med i regionale initiativ både sør og nord for Sveio.
  • arbeide for å bygge ut meir fornybar energi, ma. vasskraft, havvind og småskala energiproduksjon.
  • Arbeide opp mot staten for raskare myndigheitsprosessar knytt til utbygging av både havvind, vasskraft og kraftnett.
  • arbeide for å sikre lokal verdiskaping og arbeidsplassar knytt til havvind.
  • arbeide for å forsterke kraftnettet til og frå regionen.
  • arbeide for tiltak som sikrar energieffektivisering.
  • bidra til å etablera eit regionalt senter for yrkesfag saman med fylkeskommunen og næringslivet, gjennom våre regionråd.
  • Stille areal til disposisjon for interkommunale prosjekt

Er du enig med Sveio Arbeiderparti om Regional utvikling og samarbeid?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker