Næringsutvikling

Me vil ha fleire arbeidsplassar i Sveio

Sveio kommune skal vere effektiv og smidig i samarbeidet med næringslivet. Sveio Arbeiderparti vil at kommunen skal bidra til gode rammevilkår for eksisterande bedrifter og vere ein aktiv tilretteleggjar og støttespelar for nyetableringar. Målet må vere at næringslivet i kommunen på eige initiativ framsnakkar Sveio kommune som ein Ja – kommune, der det er kort veg frå søknad til ei avgjerd.  

Me ligg i hjarta av Sunnhordaland og Haugalandet, og skal vise handlekraft i høve til næringsutvikling langs E39 og Fv47. Me ynskjer å utvikle dei næringsområda me allereie har på Ekrene, Hanaleite og i sentrum. Sveio Arbeiderparti ser at me treng nye næringsareal langs E 39. Me meiner næringsareal bør opparbeidast i samarbeid med utbyggarfirma.

Det ligg store mogelegheiter på Haugalandet og Sunnhordland med tanke på auka næringsaktivitet, og særleg havvindsatsing. Sveio Arbeiderparti vil derfor arbeide aktivt for å legge til rette for at Sveio kan ta del i den auka aktiviteten. Me vil derfor finne eigna næringsareal til sjø, der gjerne fleire aktørar kan etablere seg.

Me skal satse på eit aktivt og framtidsretta jordbruk – sjølvforsyning og eksport av landbruksprodukt. Større og mindre bruk skal oppleve ei positiv kraft frå Sveio kommune.

Alle som arbeider skal ha tariffavtale. Sveio Arbeiderparti ønsker å støtte lokal handel i heile kommunen, og legge til rette for at me har eit fullverdig tilbod saman med næringslivet.

Sveio Arbeiderparti ser det som særs viktig å utvikle kommunale tomter i

Sveio sentrum, Førde og på Ekrene. Her må kommunen bygge infrastruktur slik at det er lett for bedrifter og private å etablere seg. Arbeid med kommunale planar har difor høg prioritet.

Sveio arbeiderparti vil:

  • Utvikle næringsområda på Ekrene, Hanaleite, Sveio sentrum og langs E39.
  • Arbeide for etablering av nytt næringsområde langs E39, i samarbeid med private utbyggingsaktørar og grunneigarar.
  • Legge til rette for eigna næringsareal til sjø.
  • Arbeide for at eit regionalt kunnskapssenter for fornybar energi blir etablert i vårt området.
  • Framsnakke lokal handel i heile kommunen.
  • Arbeide for god dialog med næringslivet som er etablert.
  • Vere ein aktiv pådrivar for å få nye bedrifter til å etablere seg i Sveio kommune, gjennom god dialog og samhandling.
  • Vere ein pådrivar for at staten greier ut erfaringar frå Østeriks alpelandbruk kan overførast til kyst- og fjellandbruk i Norge.
  • Støtte oppunder Sveio næringsforum

Er du enig med Sveio Arbeiderparti om Næringsutvikling?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker