Kultur, idrett og frivillig arbeid

Tilbod som er tilgjengeleg for alle

Sveio Arbeiderparti meiner at kultur, idrett og frivillig arbeid er sterke identitetsbyggjarar for kommunen vår. Ei satsing på dette området er viktig for å få fleire til å busetja seg i og besøka kommunen vår.

I vest og nord i Sveio finn med nokon av dei flottaste kulturelle skattane me har. Sveio Arbeiderparti vil stå som ein garantist i arbeidet med å forvalte desse kulturelle fyrtårna ved å profilere og stimulere til ei vidare utvikling i arbeidet rundt til dømes Fartein Valen og Valenheimen, Einstabøvoll Gard, Kysttunet, Gullnaustet, Ryvarden kulturfyr og REX – garden, Øklandstunet.

Ryvarden Kulturfyr og områda rundt Ryvarden vil vere ein særs viktig møteplass for menneske i alle aldrar som ynskjer å oppleve natur og kultur på nært hold. Flokehyttene er ein suksess, og har vore på 1. plass på UT.no si årlege kåring fleire år på rad. Dette gir positive synergiar til Ryvarden og kommunen. Sveio Arbeiderparti skal stette opp om dette arbeidet, og sikre at Ryvarden Kulturfyr og infrastrukturen i området skal fortsette å vere ein attraktiv turistattraksjon og møteplass.

Ein ser at det er stort press på banekapasiteten i Sveio sentrum, og me vil derfor vere i dialog med idretten for å sjå på ei mogleg utviding, der eit tilskot frå kommunen kan vere eit alternativ.

Sveio arbeiderparti er svært opptatt av at alle skal ha like moglegheiter til å delta på ulike aktivitetar i Sveio. Likskap for alle. I tillegg er det viktig at kommunen legg til rette for at det er enkelt å vere saman med andre og vere i fysisk aktivitet. Sveio Arbeiderparti vil derfor utvikle Vigdartun kultursenter slik at det er lagt til rette for ulik aktivitet for innbyggarane. For oss er det viktig å fullføre investeringsprosjekta me er i sluttfasen av planlegginga på, med eit framtidsretta sentralidretts- og kulturanlegg, badeanlegg og aktivitets- og idrettshall.

I skulane er det viktig at ein held fram med DKS - arbeidet (den kulturelle skulesekken).  

Haugaland golfpark er eit dei flottaste anlegga på Vestlandet, no med ny driving-range og kortholsbane under utarbeiding. Sveio Arbeiderparti vil fortsette å støtte vidare utvikling av golfparken.

Sveio Arbeiderparti meiner det er viktig at barn og unge frå Sveio får delta i internasjonale aktivitetar og vil aktivt støtte internasjonale skule -og ungdomsprosjekt finansiert av EU,  Nordisk Råd og Foreningen Norden.

Kyrkja er ein sentral aktør i kommunen. Sveio Arbeiderparti vil saman med Kyrkja finna løysingar som gjer at Kyrkja kan utøva tenesta si på best måte blant innbyggarane. Samarbeid kring nytt Soknehus er eit eksempel på dette.

Sveio arbeiderparti vil:

  • Greie ut moglegheit for å innføre Fritidskort til barn og unge.
  • Vidareutvikle Ryvarden som kulturfyrtårn, og dra nytte av synergiar frå Flokehyttene.
  • Sikre god dialog med lag og organisasjonar.
  • Legge til rette for nye turstiar.
  • Greie ut mogelegheit for å bruke innovative løysingar for lys på turstiar der det er mogeleg.
  • Realisere planar for utviding av sentralidrettsanlegget i Sveio med badeanlegg og nyskapande aktivitets- og idrettshall.
  • Halde fram med å gi årleg tilskot til dagleg leiar for idretten
  • Oppmode til å bruke lokale kulturpersonlegheiter i skulen, som til dømes Fartein Valen og Einar Økland
  • Vidareutvikle Vigdartun kultursenter
  • Støtte opp under og vidareutvikle Sveio frivilligsentral
  • Legge til rette for bruk av frivillig arbeid i helse- og omsorgsektoren, i samarbeid med lag og organisasjonar.
  • Arbeide for styrking av kulturskulen, gjerne i samarbeid med nabokommunar.
  • Styrke biblioteket for å legge til rette for meir aktivitet.

Er du enig med Sveio Arbeiderparti om Kultur, idrett og frivillig arbeid?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker