Inkludering og integrering

alle skal vere ein del av fellesskapet

Det å kjenna seg utanfor, å ikkje bli rekna med eller å ikkje bli inkludert. Dette kan me alle oppleva i ulike livsfasar og samanhengar. Det kan dreia seg om mobbing, diskriminering, trakassering på arbeidsplassen, fattigdom, isolering og einsemd, og det kan dreia seg om at ein med nedsett funksjonsevne stadig opplever at «universell utforming» er eit tomt slagord. Det kan òg dreia seg om at rusproblem fører til isolasjon og utanforskap.

Fellesskap med plass til alle menneske er eit gode for samfunnet. For å bygge sterke fellesskap må alle menneske ha same mulegheiter til å ta del i samfunnet. Dei sosiale fellesskapa, enten det er gjennom skulen, arbeidslivet, idretten, kulturen eller frivilligheita, må vere opne og inkluderande  arenaer.

I dag er det for mange som fell utanfor arbeidslivet. Sveio Arbeiderparti vil arbeide aktivt for eit inkluderande arbeidsliv, og få fleire ut i arbeid.

Det er vår felles oppgåve å tilby hjelp og fellesskap å knyta seg til. Krigen i Europa gjev oss nye utfordringar. Alle våre nye innbyggjarar har gjennom åra blitt ønskt velkomne, blitt forsøkt integrerte og inkluderte. Måten me no tar mot ukrainarar på flukt frå ein nådelaus angrepskrig, minner oss om verdien av fellesskap, at vi stiller opp for kvarandre.  Me vil at alle skal føle seg heime og inkluderte i Sveio uansett alder, bakgrunn, legning, religion eller hudfarge.

Sveio Arbeiderparti vil arbeide for ei god integrering av innvandrarane og flyktningane våre, og søke å ta vår del av ansvaret for dei menneska som treng hjelp og er i djup naud.

Sveio arbeiderparti vil:

  • Sikre at me har nok bustadar til flyktningar.
  • At kommunen skal vidareutvikla «Friskus» som verktøy for aktivitetar, frivillig arbeid og inkludering
  • Kommunen skal vera ein pådrivar for etablering av praksisplassar og eit godt koordinert inkluderingsarbeid. Tilpassa språkopplæring for arbeidsinnvandrarar og høve til språktrening for flyktningar og asylsøkjarar skal prioriterast enno sterkare. Arbeid og tileigning av språk er sjølve nøkkelen til vellukka integrering.
  • Vurdere å gi tilskot til kjøp av bil til flyktningar som kan ha behov for det.
  • Arbeide aktivt for å få fleire ut i arbeid av dei som av ulike årsaker no står utanfor arbeidslivet.

 

Er du enig med Sveio Arbeiderparti om Inkludering og integrering?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker