Heile Sveio

Eit sterkt sentrum og levande lokalmiljø

Sveio arbeiderparti ønsker å legge til rette for vekst og levande lokalmiljø i heile kommunen. Det er ved å jobbe saman me får dette til.

Sveio Arbeiderparti vil:

  • at kommunen skal vere eit meir aktiv deltakar for utvikling av tomter og bustadområder i samarbeid med private aktørar, td gjennom å etablere eit kommunalt utviklingsselskap.
  • Skape gode møter mellom kommune og innbyggarar, gjerne gjennom lag og organisasjonar.
  • Halde fram med å sette av årlege tilskotsmidlar til sosiale møteplassar og nærmiljø.
  • gjennomføre ny Bulyst-runde minst ein gong i valperioden.
  • I hele sveio er det flere godkjente private reguleringsplaner, også med boligformål. For å stimulere til realisering av disse planene vil Sveio arbeiderparti arbeide for at kommunen utvikler en strategi for utbygging gjennom:

·Inviterer grunneierne  samlet og/eller i et  område/krins til idedugnader om hvordan en gjennom samarbeide kan realisere slike private reguleringsplaner.

·Om det er interesse fra grunneierne med private reguleringsplaner til å samarbeide om felles utbygging i et område/krins vil kommunene legge til rette for et dialogmøte med aktuelle investorer.

  • Støtte opp om tiltak og forslag som kom fram i Bulyst-prosessen innanfor ansvarlige økonomiske rammer i samarbeid med bygdelaga.
  • Sjå på moglegheiter for å samle informasjon om tomter, bustader og tilbod i kommunen i ei nettside.
  • Gi tilskot til eventuelle Liv og lyst-søknadar frå krinsane.

Sveio Arbeiderparti vil bruke rapporten frå Bulystrunden aktivt. Nedanfor har me nokre døme på kva me vil arbeide for i neste periode i kvar krins.

Vikse:

  • Arbeide opp mot Vestland fylke for bygging av sykkel- og gangveg til Vikse skule
  • Vere pådrivar for å få daglegvarebutikk på Ekrene.
  • Vidareutvikle næringsområdet på Ekrene.
  • Ferdigstille områdeplan for Ekrene Vest for å legge til rette for nye bustadtomter

Bua:

  • Ferdigstille reguleringsplan for fv 541, og arbeide aktivt mot Vestland fylkeskommune for finansiering.
  • Sikre aktivitet på næringsområdet på Tjernagel

Auklandshamn:

  • Arbeide for sykkel- og gangveg og lys langs vegen
  • Arbeide for betre merking av turstiar.
  • Legge til rette for småbåtanlegg/ båtplassar.
  • Støtte opp om nærbutikken

Sentrum:

  • Sveio arbeiderparti vil arbeide aktivt for å vidareutvikle eit framtidsretta sentralidretts- og kulturanlegg  ved Vigdartun. Me har kome langt i planlegginga av badeanlegg saman med eit nyskapande aktivitets- og idrettsanlegg. Saman vil dette gi eit svært godt tilbod til våre innbyggarar, samstundes som det gjer oss meir attraktive for tilflytting.
  • Støtte lokal handel
  • Ferdigstille ny kommunal barnehage i sentrum
  • Syte for gode møteplassar, blant anna ved å vidareutvikle Vigdartun kultursenter
  • Vidareutvikle badeplass ved vigdarvatnet.

Lid:

  • Arbeide for trygg skuleveg til Sveio skule.
  • Driftstilskot til Lid skule som møteplass i bygda.
  • Samarbeide med Lid-krinsen om rehabiliteringstiltak til Lid skule

Førde:

  • arbeide for at Karmsund havn skal ruste opp kommunekaien, og gjerne etablere eit småbåtanlegg.
  • Støtte opp under Rex garden som turistattraksjon og rekreasjonsområde.
  • Ruste opp parkeringsplass mot kaien.
  • Legge til rette for ladestasjon for el-bil.
  • Legge til rette for møteplassar.

Valestrand:

  • For å støtte opp om de varierte kulturlivet i Valestrand vil Sveio arbeiderparti at Sveio kommune greier ut om det er mogeleg å realisere eit kulturbygg i samarbeid med Fartein Valen-stiftinga og representanter fra det varierte kulturlivet. Denne utgreiinga skal sjå på modellar og mogelegheiter for privat finansiering av investering og drift.
  • Arbeide for at vegvesenet avsetter nødvendig areal i Valevåg til tiltak beskrevet i Liv og Lyst prosjektet «Mulighetsstudie for Valebygda».
  • Støtte opp om nærbutikken i Valevåg.

Er du enig med Sveio Arbeiderparti om Heile Sveio?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker