Gode oppvekstvilkår i Sveio
for alle barn og unge
Foreldre, familie, vener og nærmiljø spelar alle ei avgjerande rolle når born veks opp, for deira trivnad og utvikling. Barnehagar og skular kjem inn som viktige arenaer for læring og sosial samhandling. Saman med fritidsaktivitetar innan idrett, friluftsliv, musikk og heile spekteret av organiserte og uorganisert aktivitet, så utgjer dette oppvekstvilkåra til våre born og ungdomar. Det er vår felles oppgåve å syta for at desse vilkåra er best mogleg.
Sveio arbeiderparti vil:
- Ha born og unge si helse i fokus, og sikra at dei vaksne som jobbar tett med barn og unge har nok og rett kompetanse til førebygging og oppfølging.
- at alle barn og unge skal ha tilgang til fritidstilbod, kulturtilbod og idrettsaktivitetar.
- Gjennom arbeid med oppvekstreforma, sikre betre samhandling mellom tenestene slik at ein ser kvar enkelt barn og familie.
- Syte for at barn og unge i Sveio skal vera trygge i vatn gjennom god symjeopplæring i badeanlegg som er tilrettelagt for dette.
Barnehage
For Sveio arbeiderparti er det viktig å sikre at barnefamiliar i Sveio har barnehageplass til barna sine i praktisk avstand frå der dei bur.
Sveio arbeiderparti meiner at det offentlege skal ha ansvar for barnehageutbygging. Sveio barnehage treng sterkt oppussing og modernisering. I denne perioden er det gjort mykje godt arbeid med planlegging av ny kommunal barnehage i Sveio sentrum. Sveio arbeiderparti meiner det er meir føremålsteneleg å bygge ein ny barnehage i dette tilfelle, og vil syte for å fullføre påbegynt prosjekt.
Sveio arbeiderparti vil:
- Støtta pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagane for å auka kvaliteten.
- Ferdigstille arbeid med ny kommunal barnehage i Sveio sentrum.
- Syta for at livsmeistring er eit viktig fokusområde i barnehagar og skular.
Skule
Innhald i barnehage og skule er framtida til våre barn. Skulane og barnehagane i Sveio skal ha høg kvalitet og kompetanse, både fagleg og pedagogisk. Sveio Arbeiderparti vil prioritere ressursar slik at skulane i Sveio når målet for best opplæring og oppfølging av barn og unge. Sveio Arbeiderparti er oppteken av at alle skal ha like mogelegheiter, uavhengig av sosial bakgrunn.
Barnehagar og skular i Sveio skal legga til rette for gode oppvekstvilkår. Det skal vere trygt og godt å for elevane. Sveio Arbeiderparti vil derfor prioritera høgt å arbeide for nulltoleranse av mobbing i Sveioskulen. I dette arbeidet er det viktig med førebyggande tiltak, og sikre at tilsette har god kompetanse på området.
Sveio Arbeiderparti har tidleg innsats som eit satsingsområde, og vil arbeide vidare for at det blir gitt god oppfølging så tidleg som mogleg. Innsats og god oppfølging dei første åra i barnehage og skule er avgjerande for å legga grunnlaget for god utvikling gjennom skuleløpet. Arbeiderpartiet meiner lærarar treng meir tid med kvar elev for å sikra at dei grunnleggjande ferdigheiter er på plass. Me vil arbeide for å styrke laget rundt eleven.
Sveio arbeiderparti vil:
- Sikre at elevane har ei god og trygg opplæring og skulekvardag. Skulen skal vere ei god plass og vere og ein god plass å lære.
- sikre gode rammer for at elevar i Sveio får god opplæring i lesing, skriving og digital kompetanse, både gjennom digitale verktøy og fysiske læremiddel som skulebøker.
- Arbeid for at barnehage og skule skal vere gode arenaer som fremjar fysisk og psykisk helse.
- Fortsette fokuset på tidleg innsats fra barnehage og gjennom skulen for å gi alle barn eit godt utgangspunkt for trivsel og læring.
- Arbeida for god kvalitet og innhald i kommunen sine SFO-tilbod.
- Greie ut om Sveio kan bli ein forsøkskommune for varm skulemat i Noreg.
- sørge for større fokus på utanforskap og inkludering, slik at alle barn opplev trygge og gode oppvekstvilkår i skulen, til dømes gjennom ei felles satsing mot mobbing og utanforskap.
- Jobbe for betre tverrfagleg samhandling mellom skule og helse.
- Syta for tilstrekkelege ressursar til helsesjukepleiarar i skulane.
- Jobbe for næringsutvikling og vekst i innbyggartal og elevtal i heile kommunen, og me vil derfor oppretthalda dagens skulestruktur.
Kulturskulen
Kulturskulen skal gi alle eit tilbod om å utvikla sine kreative evner og interesser. Kulturskulen er derfor eit viktig velferdstiltak som bidrar til å gjere Sveio til eit levande, utviklande og attraktivt bu- og oppveksmiljø.
Sveio arbeiderparti vil:
- Sikra eit breitt tilbod i kulturskulen og gode lokalitetar for drifta
- Arbeida for eit tett samarbeid mellom kulturskulen og skulen med sikte på å gi fleire barn tilgang til kulturskuletilbodet.
- Sjå på om det er mogeleg med eit interkommunalt samarbeid.