Framtidas helse og omsorg
Det skal vere godt å bu i Sveio
Gode helse- og omsorgstenester står heilt sentralt i det velferdstilbodet kommunen skal tilby innbyggjarane når dei treng det. Utforminga av desse tenestene er i stadig endring.
Folkehelse er grunnsteinen i det lokale helsearbeidet. Sveio Arbeiderparti satsar på førebyggjande helsearbeid ved tidleg innsats i skulen, rettleiing for føresette, god helsesysterteneste, barnevern, samt vedlikehald og tilrettelegging av aktivitet der folk bur. Nytt badeanlegg i Sveio sentrum er eit døme på eit viktig tilbod til innbyggjarane våre.
Me ser at det det er utfordringar med å få tilstrekkeleg arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren. Me må derfor gjere det attraktivt å jobbe i Sveio. Sveio Arbeiderparti vil legge til rette for utdanning under arbeid, samt etterutdanning og kompetanseheving.
Aktivitet er viktig for god helse i alle aldrar. Sveio Arbeiderparti vil rydde fleire turstiar, få opp fleire informasjonsskilt, meir lys og gangvegar, vedlikehalde og tilretteleggje for leikeplassar og idrettsanlegg der folk bur.
Sveio arbeiderparti vil:
- Ha sterkt fokus på førebyggande helsearbeid for å betra folkehelsa og folks livskvalitet, og dermed redusere behovet for kostbare kommunale tenester.
- Sikre gode helsetenester i kommunen, i samarbeid med tilsette.
- Sikre at det er gode og tilstrekkelege legetenester i kommunen.
- Greie ut mogelegheiter for legevaktsamarbeid nordover, i tillegg til eksisterande samarbeid.
- Ha fokus på å samle kompetanse og god struktur i helse- og omsorgssektoren, slik at det er attraktivt for både brukarar og tilsette.
- Sikre nok ressursar til arbeid med psykisk helse.
- Sikra brukarmedverknad i alle politiske prosessar gjennom aktiv samhandling med. brukarorganisasjonar, Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.
- Styrke BPA-ordninga.
Eit aldersvenleg samfunn
Kommuneøkonomien påverkar sjølvsagt nivået og kvaliteten på helse- og omsorgstenestene, men kompetanseheving og organisasjonskultur er òg avgjerande for korleis den kommunale tenesteytinga vert opplevd.
Innspel frå og samspel med pårørande og brukarorganisasjonar må inngå i systematisk arbeid med forbetring og utvikling av tenestene. Dette går til kjernen av det kvalitetsreforma «Leva heile livet» dreier seg om, ei reform som snart skal heita «Bu trygt heime». Reforma skal bidra til å skapa eit samfunn det er godt å vere og bli eldre i. Visjonen er at innbyggjarane gjennom heile livet skal kunna delta, kunna skapa og bety noko, kunna gje og få god omsorg. Alle veit kva som skaper gode kvardagar, for dei. Denne kunnskapen og erfaringar om kva tiltak som verkar, må takast i bruk og leggjast til grunn ved utforminga av kommunale tenester og tilbod. – i det kontinuerlege arbeidet med å skapa eit aldersvenleg samfunn.
Sveio Arbeiderparti vil greie ut ulike buformar for eldre, i samarbeid med dei som skal bruke bustadane.
Sveio Arbeiderparti vil ha eit fokus på vidare bruk av velferdsteknologi i omsorgstenestene.
Sveio Arbeiderparti støttar opp om frivillig arbeid og ynskjer å løyve meir midlar til dette arbeidet. Sveio Frivilligsentral skal ha ei sentral rolle her.
Sveio arbeiderparti vil:
- Tilrettelegge for gode bumiljø i eldreomsorga, og greie ut ulike buformar innan helse og omsorgsektoren.
- at Sveio kommune skal investere i velferdsteknologi, der arbeidsmiljøutvalet skal definere og å foreslå områder for dette.
- Satsa vidare på dagsenter for eldre for å auka trivsel og funksjonsevne, og redusere trongen for kommunale institusjonsplassar.
- Vidareutvikle heimetenestene slik at fleire kan bu trygt og godt heime, med blant anna tiltak som avlastning i heimen med til dømes miljøarbeidar.
- Støtta frivillige lag og organisasjonar som har aktivitetstilbod til eldre innbyggjarar.
- Føre ein sosial bustadpolitikk som sørger for at det er eit tilbod til dei som ikkje kjem inn på den ordinære bustadmarknaden.
- Vidareføra arbeidet som er med på å gjere Sveio til ein føregangskommune for heiltidskultur i omsorgssektoren.
- Syte for at personar med nedsatt buevne blir godt ivaretatt.
- Samle butiltaka for personar med psykisk utviklingshemming (habilitering)