Berekraft

Eit klimavenleg Sveio for framtida

Sveio kommune har ein variert natur der innbyggjarane har tilgang til sjø, skog og fjell. Dette utgjer eit viktig grunnlag for velferd og livskvalitet for innbyggjarane. For Sveio Arbeidarparti er det eit prioritert mål å ta vare på kvalitetane i natur- og kulturmiljøet. Samstundes må Sveio kommune ta sitt ansvar for å motverka klimaforverringa, som kan bli det største trugsmålet mot velferd og livskvalitet i framtida. Omsynet til klima, miljø og naturmangfald skal difor trekkjast inn i alle politiske avgjerder.

Sveio kommune skal halda fram med å vera eit miljøfyrtårn og vera i front for når det gjeld å ta i bruk miljøvennlege løysningar. Sveio Arbeiderparti meiner der viktig å velje miljøvennlege løysningar i utbyggingsprosjekter, bustad og veg.

Sveio arbeiderparti vil:

  • Arbeide for solceller på fleire kommunale og private bygg.
  • Vidareføre støtte til ENØK-tiltak til næring og private.
  • Vidareføre klimabudsjett og -rekneskap med konkrete mål om utsleppskutt i tråd med Paris-avtalen.
  • Vekte klima- og miljøomsyn med minimum 30 prosent i offentlege anskaffingar og høgare der det er relevant.
  • Styrke arbeidet for sirkulærøkonomi ved blant anna å kartlegge og vurdere rehabilitering og oppgradering av bygg i staden for å bygge nytt, halvere matsvinn, legge til rette for gjenbruk og styrke utlåns- og låneordningar lokalt.
  • Styrke energieffektiviseringsarbeidet i nye og eksisterande kommunale bygg.
  • Legge til rette for at kommunar har fossilfrie eller nullutsleppskøyretøy.
  • at alle nye kommunale køyretøy skal ha nullutslepp.
  • leggja til rette for fleire ladestasjonar for el-bilar.

 

Er du enig med Sveio Arbeiderparti om Berekraft?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker