Politikken vår

SVEIO INN I FRAMTIDA!

6 gode grunnar til å stemme Sveio Arbeiderparti:

1. Dei store oppgåvene løyser me best saman! Det skal vere godt å bu i Sveio, og me vil syte for gode tenester til innbyggarane frå "vogge til grav"

2. Me vil at barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår, der tidleg innsats i barnehage og skule står sentralt. Alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta på aktiviteter - det er fellesskapet si oppgåve.

3. Me vil utvikle helse- og omsorgstenestene til å møte framtidas behov, der eit aldersvenleg samfunn står sentralt.

4. Me tar Sveio inn i framtida! Me vil utvikle kommunen vidare og vil fullføre aktivitets- og idrettsanlegg, badeanlegg og ny kommunal barnehage.

5. Me vil ta vare på næringslivet i Sveio og arbeide aktivt for å få nye næringar til å etablere seg her. 

6. Me vil arbeide for vekst og levande lokalsamfunn i heile Sveio, i tett dialog og samarbeid med innbyggarar, lag og organisasjonar.